Rype / Småvilt

Lemonsjøen har mye å by på for den som vil jakte og fiske. Lemonsjøen kan by på både fiskevann og et utmerket rypeterreng. Jakt- og fiskekort fåes kjøpt både på Lemonsjøen Fjellstue og på Randsverk Camping.

 

I Langmorkje statsallmenning er det fritt kortsal for småviltjakt utan hund, jakttida er frå 15.september til 28. februar.
Når det gjeld rypejakt med hund for utanbygdsbuande har Vågå fjellstyre totalt 70 kort som blir fordelt etter loddtrekning, søknadsfristen er 1. april. Dei 70 korta er fordelt på to 5-døgns perioder, og med jaktstart den 15. september. Periode 1 går da frå 15.-19. og periode 2 frå 20.-24. september. Det er for tida ikkje åpna for rypejakt med hund for utanbygds utover desse periodene.



Harejakta startar 11. oktober. Fyrste veka er det totalt 25 kort fordelt på tre felt, desse blir fordelt etter loddtrekning og med søknadsfrist som for rypejakta(1.april). Frå 18. oktober til 23. desember er det fritt kortsal.
Nordherad statsallmenning går inn som ein del av Nordherad fellesområde. Det er og der fritt kortsal for jakt utan hund i frå 15.september til 28. februar. Dette området er ikkje åpna for jakt med fuglehund. 

KORTSAL OG PRISAR   
Det kan løysast både 1-døgn-, 3-døgn-, vekes- og sesongkort. Kvittering for betalt jegeravgift må visast fram ved kjøp av kort. Kort er å få kjøpt i Jutulbu og G-sport i Vågåmo,  Lemonsjø fjellstue, Randsverk camping, Sjodalen hyttetun, Hindseter fjellstue, Heimsand camping, Besstrond seter, Bessheim fjellstue og Besseggen fjellpark. I tillegg kan kort kjøpast over internett, på Inatur. Ved kjøp av kort blir det utdelt eit tilleggsark om reglar m.m.

Jaktrapport (baksida av kortet) skal fyllast ut og leverast etter jakta, anten ved å sende det i posten, levere hjå ein kortseljar/fjellstyrekontoret, eller nytte skjemaet du finn her på heimesida vår, og sende det elektronisk. 

Priser

Småviltjakt utan hund i Langmorkje (sist regulert i 2004)

  Innanbygds Utanbygds
1-døgnkort   kr. 50,-   kr. 100,-
3-døgnkort  kr. 125,-  kr. 250,- 
Vekekort